Impregneringsutstyr – 53 tonn i eit løft
Stort kolli – autoclaven har ein diameter på rundt 4 meter og er over 17 meter lang, og det måtte to store mobilkraner til for å løfte den på plass gjennom taket i fabrikkbygninga. Foto: Jon Olav Ørsal
Derfor måtte det to store mobilkraner til for å løfte den frå båten og inn på kaia, der ein spesialtrailer sto klar til å ta i mot det tunge kolliet som kom frå Belgia via Danmark med båt. Autoclaven var eit par veker forsinka, så entreprenøren som setter opp bygget til impregneringsverket stod nærast og trippa for å legge ferdig taket over bygget så snart autoclaven var heisa på plass av dei to store mobilkranene. Berre som ein kurositet kan vi nemne at trengtes 4-5 trailere for å frakte kontravekter til mobilkranene for at kranene skulle klare det tunge løftet på ein trygg måte.
Lossing fra båten over på bil foregikk natt til måndag med to store mobilkraner og spesialbil for slik transport. Foto: Hallvard Brusethaug
Blir faktisk imponert kvar gong ein ser kor god presisjon og kontroll førarane av mobilkranene har. Foto: Jon Olav Ørsal
Autoclaven – ein stor trykkokar – hadde ei vekt på 53 tonn. Foto: Jon Olav Ørsal
Ivar Mogstad som er prosjekleiar for bygget var sjølv sagt spent da operasjonen pågikk. Foto: Jon Olav Ørsal
Spent var også dei tre leiarane frå Talgø Møretre. Frå venstre Roar Nordvik, Hallvard Brusethaug og Paul Lilleløkken Foto: Jon Olav Ørsal