SV politikaren Yvonne Wold har i kveld vore på snarvisitt i Surnadal og i Todalen for å gjera seg kjent. Wold er frå Åndalsnes og er tilknytta Sosialistisk Venstreparti både som SVs ordførarkandidat i Rauma og som SVs førstekandidat til fylkestingen i Møre og Romsdal.
På Todalsturen var det første og fremst å få sjå og høre om Todalsfjordprosjektet som stod på agendaen. Men på programmet stod også info om prosjektet til Todalen grendelag som jobbar for å bevare skule og barnehage og auke busettinga i bygda. Bjørn Gunnar Ansnes orienterte om arbeidet som er gjort det siste året og at arbeidet no er i ferd med å gje resultat. Todalen har nemleg over 100 arbeidsplassar og treng sårt fleire bustader – som det no arbeides med gjennom grendelaget.
Det vart også tid til ein svipptur innom Talgø utstillingssenter – Gammelfabrikken, og Yvonne vart imponert over det ho fekk sjå der. Elles er ho veldig oppteken av satsinga i jordbruket, og tykkjer at ein sjølvbergingsgrad på 37,5 % er risikabel, og bør aukast. Vi er alt for avhengige av å få mat frå utlandet.