Styret i Idrettslaget Søya kallar inn medlemmane til årsmøte måndag 3. mars klokka 20:00. Årsmøtet blir avvikla i idrettslaget sitt klubbhus ved Søyabanen.
Forslag og saker som skal behandlast på årsmøtet, må sendast skriftleg til styret seinast 17. februar (2 veker) før årsmøtet.
Den som eventuelt vil seie frå seg verv, må gjere dette skriftleg på e-post til ivar.vikan@snett.noinnan måndag 27. januar.
Saklista til årsmøtet ser ein på IL Søya si Facebookside
IL Søya ønsker alle medlemmar vel møtt til årsmøtet!