Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«IL Søya i 100» til salgs på Matkroken

Elinor Bolme Måndag 1. april 2019

No kan du få kjøpt 100-årsboka til IL Søya også på Matkroken i Todalen. Terje Nordvik er ein raus handelsmann, som velvillig stiller med hylleplass for alle som har ulike bøker og tidsskrifter til salgs. Her finn vi blant anna både historielagshefter, slaktarhistorier og alle dei tre nye bydebøkene frå Surnadal.

Før helga fekk han levert ei stor ladning med den innhaldsrike jubileumsboka til IL Søya som Svein Sæter har skreve. Terje som er ein ihuga lokalpatriot tok like godt og kjøpte ein heil kasse for eiga rekning som han no ønsker å gje bort eit eksemplar av til dei 20 første som kjem innom, og som høgt og tydeleg seier: «Heia Søya!» i kassen.

-Ein blir litt rundare i kantane med åra, humrar Terje som reknar med at dette i alle fall fell i god jord hos Jorid Haugen Ansens som har teke på seg å selge bøkene for IL Søya på butikken.

HEIA SÆIA! og boka blir di om du er ein av dei 20 første som seier dette i kassen på Hals utover veka.

Boka er også mogleg å få kjøpt over disk hos Intersport i Surnadal, men om heiaropet resulterer i ei gratis bok der kan hverken han eller salgsansvarleg i IL Søya Leif Magne Andersen love. -Men Jo er utfordra på det no altså, seier Terje entusiastisk. -Eller skulle det kanskje heller vore heia Todalen der..? undrar Terje.

Ida Vaseng hos Intersport har også boka lett tigjengeleg på salgsdisken. Utsalgsprisen er 250 kroner, og opplaget er på totalt 800 bøker. Foto Leif Magne Andersen/IL Søya

Først publisert: 1. april 2019, 04:00 - Sist oppdatert: 31. mars 2019, 16:56