Todalen sanitetsforening inviterer til kurs i førstehjelp måndag 23. september kl. 18:00 i Todalen ungdomshus.
Trygge lokalsamfunn
Veke 39 er Sanitetens uke, og temaet i år er «Trygge lokalsamfunn» med fokus på førstehjelp. Dei fleste vil gjennom livet kome i situasjonar der ein enten har behov for førstehjelp eller må gi førstehjelp! Det er viktig å vite kva ein kan eller skal gjere når plutseleg sjukdom, ulykker eller uventa hendingar oppstår.
Statistisk er det fleire eldre enn yngre som treng førstehjelp så dette kurset er både for eldre og pårørande til eldre, – altså barn, barnebarn, naboar, venner – alle som kan vere med å gjere lokalsamfunnet tryggare!
Instruktørar er Britt Moen og Britt May Hollås.
Servering av kaffe, te og frukt.
Kunnskap om og trening i førstehjelp er viktig for alle!
Vel møtt!