Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

– Ikkje værra ei kobbklys-pys

Guro Redalen Laurdag 13. juli 2024

Dag to med strålande sommarvær, og alle media med respekt for seg sjølv bør med det kome med anten ein badetemp-oppdatering eller råd om korleis unngå mygg. Vi gjekk for det første, så her er det berre å finne fram badebrok og svømmeknapp!

Lista med badeplassar kunne ha vore lang og henta både frå fjell, elv og fjord, men gode badeplassar er nesten like heilag som gode molteplassar … (den som veit den veit) Så her kjem to av dei mest tilrettelagte og allment kjente stadene, nemleg badestranda på Kvendset og Båthølen i Toåa.

Merk! Er du av dei som får lett hjarteflimmer av unøyaktig kjeldemateriale og lettsindig bruk av måleinstrument kan du sjå på dette som siste sjanse for å klikke deg ut av denne saka før det blir «formastels».  

Badestranda

Kvar: naboen til båthamna og moloen. Merk at det er forbode å bade inne i sjølve moloen.
På land: grasplen med mjukt underlag for soling og rast.
Vatnet: salt fjordvatn delvis utvatna av elvavatn, så ikkje mykje ekstra hjelp til oppdrift om du ikkje har med medfødt eller medbrakt flyteelement. 
Når: merk at det er stor skilnad på flo og fjære. På ettermiddagen og kvelden bør du òg sjå godt etter brennmanet (kobbklys).
Temperatur: 18 grader målt kveldstid 12. juli. 
Passar for: Godt egna for både store og små då det er passe grunt og stille vatn eit godt stykke ved land. Har òg upåklageleg utsyn til Todalsøra og Trollheimsfjella som står i kring. 
Samla karakter: Nydeleg kveldsol og overraskande god temperatur, men brennmanet øydela for toppkarakter denne gongen. 4 av 5 hønhalsar.

Båthølen

Kvar: ved Toåa tursti.
På land: både benkar og grasplen godt egna for både soling og rast. 
Vatnet: elvavatn av ypperste krystall klårt-klasse. Kan det bli betre?
Når: er du på jakt etter grei temperatur bør du vente til snøsmeltinga frå fjellet er over og elva glir meir over til ein bekk … ellers så kan det være greit med ok temperatur på land for å oppnå normal kroppstemperatur igjen.
Temperatur: 16 grader målt formiddag 13. juli, men erfaren svømmehud trur kanskje at det kan bli reist tvil om akkurat det påståtte fakta.
Passar for: Elva har enno god fart nedover dalen, så sjølv om det er rolegare i sjølve Båthølen kan det være greit å ha oppsyn med dei minste badarane. 
Samla karakter: Sjølv om underteikna mista litt pusten av temperaturen under testbadinga, er det lett å sjå bort frå når alt det andre ved opplevinga held så høgt nivå. 5 av 5 hønhalsar.

Konklusjon: Sjølv om det er lenge sidan sjølvaste Hønhalsen fall i år, er det ikkje heilt temperatur for alle i hverken elva eller fjorden enno. Men det kan endre seg raskt! Så ikkje vær ei kobbklys-pys, men sleng deg uti! Og neste gong skal vi sjå til å ha med eit meir EU-godkjent termometer på turen. Her tek baderedaksjonen i todalen.no sjølvkritikk. Men har du meir sikre data og observasjonar, send dei gjerne inn til red@todalen.no.

 

Publisert: 13. juli 2024, 15:32