Senioruniversitetet for Indre Nordmøre startar nytt halvår med eit møte på Surnadal kulturhus onsdag 22.januar kl 11:00, med tittelen ”Ikkje tru på alt vi ser!” Det er cand.real Einar Oterholm, Halsa som vil gjere oss betre kjent med auga, syn og optiske bedrag.
I etterkant av møtet blir det gjennomført eit kort årsmøte, og elles blir det som vanleg høve til samtale, kaffe og kake. I april er det så lagt planar for møte om og med bedrifta Pipe Life, der det vil bli både orienteringar og omvisning. Og til hausten blir det møte på det nye skimuseet i Rindal, og møte med språkforskar, ordbokredaktør og folkemusikar Tor Erik Jenstad. Les meir om arrangementet på plakaten som du kan laste ned her.
Møta i Senioruniversitetet er opne for alle interesserte – og styret vonar på god oppslutning!