Familien Kvendset har underhalde oss før – sist i Skulstua for eit par-tre år sia. Familien er nemleg ein musikkfamilie med stor M, og da Sigrid Kvendset skulle presentere familien på gårdagens song og musikkmøte så sa ho at det er aldri stille eit sekund heime hos oss.
Det har vore ei travel veke for familien Kvendset – far Ingebrigt, mor Randi og borna Sigrid (25), Bodil (20), Hallvard (17) og Alfred (15). Dei er alle engasjerte i Indre Fosen Frimenigheit, og no har dei hatt ei hektisk møteveke i Sanitetshuset, med teltleir for 12 ungdomar på Bordholmen i tillegg til fritidsbustaden Ljosheim som familien har i Todalen.
Inviterte gjestar var misjonærane Borghild og Eddie Bakke. Dei har vore 23 år i Spania som misjonærar, og hadde nok mykje erfaring som dei kunne overføre til ungdomane på leiren – dei heldt også ein kort andakt under song- og musikkmøtet.
Det har vore to møter kvar dag dei 4 dagane som møteserien har pågått. Med på leiren er ungdomar både frå Fosen og mellom anna frå Ålvundfjorden.
Laurdag kveld var det avslutning, der ungdomane opptredde med song og musikk i Sanitetshuset, og klarte å skape ein triveleg kveld i lag med publikum som var invitert.