Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ikkje sexy, men SEKSTI

Ikkje sexy, men SEKSTI

Jon Olav Ørsal Måndag 19. desember 2011

Måndag dag var det storstila bursdagsfeiring på ICA Todalen. Ragnar fylte seksti år, så Kaffekroken var arena for servering av kaffe og blaukake til alle som har vore innom butikken for å gratulere. Både stamgjestar og langvegsfarande var i løpet av dagen  innom og fikk  en bit av jubilumskaka og ein kaffedråpe.

Jubilanten hadde full jobb med å servere gjestane og halde dei med selskap. Bru og tunneldebatt var det kanskje plass til også innimellom, for styrelederen i Trollheimstunnellen var i allfall mellom gjestane. Vi i Todalen.no gratulerer med dagen!

Først publisert: 19. desember 2011, 19:51 - Sist oppdatert: 20. desember 2011, 16:30