Tidene forandrar seg, også i Todalen. Frå Todalen Historielag sitt bildearkiv kan vi denne gongen vise eit bilde av Husbygeilen, Skorten og ei raudmåla kyrkje. Legg merke til kornstaurane på ekra til høgre, og han som leier sykkelen forbi.
Historielaget veit ikkje kva årstal bileta er tekne, men skulle nokon ha ei formeining om det er dei takknemlege for informasjon.