Flaum er det nok ikkje, men vassføringa ved 21-tida var på 53 m3/sek ved målestasjonen ved Storfossen. jamnt og trutt har elva vokse utover dagen, frå knappe 20 m3/sek i dag tidleg og kl 21 var altså vassføringa på 53 m3/sek.
I dag har det nok regna heilt til topps, og det har nok tært hard på den snoen som ligg att i høgfjellet. Det er enno 3 veker til laksefisket startar, og det blir spennande å sjå om det blir att noko snø til fiskestarten. Vi tok ein liten tur for å sjå på elva, og har lagt ut nokre bilder som vart knipsa i 22.30-tida. Vassføringa såg enno ut til å være i vekst.