Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ikkje berre jakt og skyting, men også friluftsliv og sanking

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. oktober 2024

«Surnadal jeger og fiskerforening» står det på eit skilt på veggen på gamle Tellesbø bedehus når du køyrer oppover på nordsida.  Men det er slett ikkje noko bedehus, men derimot er det no klubbhus for det som vi til dagleg kallar «jeger & fisk». Og dette er klubbhuset for over 300 medlemar som slett ikkje berre driv med jakt og skyting – visste du forresten at Surnadal jeger og fiskerforening har over 60 damer som medlemar og at styret har 80% kvinnedel?

Turid Sættem Eggen er leiar på 6. året i SJFF – aktiviteten er aukande i foreninga. Foto Jon Olav Ørsal

Turid Sættem Eggen er styreleiar for Surnadal jeger og fiskerforening, og ho snakkar seg varm når ho fortel om «jeger & fisk» og alt dei held på med – ho er oppteken av at ungdomane skal lære seg å bruke naturen og forvalte den på ein berekraftig måte.  Derfor er ho romsleg og let folk få være med på aktivitetar og prøve seg – så får medlemskap kome i etterkant.  – Vi jobbar heile tida med å få med oss fleire, enten det gjeld fiskeaktivitetar oppmed Glønavatnet på Nordmarka eller sjøfisk på Nordvik eller aktivitetar på skytebanen på Ångråmyra.  Vi har ein låg terskel for å kome og prøve, og låner ofte ut utstyr i startfasen. 

Klubbhuset ligg ved vegen oppover på nordsida, like ved Tellesbø. Foto Jon Olav Ørsal

No er vi i ferd med å skape eit nytt samlingspunkt på Vaulen – vi har inngått avtale med kommunen om å drifte eigedommen på Vaulen. Der er det eit stort potensial, og vi kan for eksempel arrangere jakt- og fiskeskule og det opnar seg moglegheit for både småvilt- og storviltjakt på denne eigedommen – der er det også overnattingsplass for 20 personar og  plassen kan brukast av alle som vil.
Som sagt har styret 80 % kvinnedel, men vi har da mange utval og aktivitetar der dette jamnar seg ut med tillitsvalde av begge kjønn:

  • Fiskeutval
  • Kvinneutval
  • Hundeutval
  • Barne & ungdomsutval
  • Jaktutval
  • Jaktskyttarutval

Surnadal jeger og fiskerforening er den største foreninga i region Møre og Romsdal, og er sjølvsagt representert i regionstyret. 

Det gjeld å treffe godt – her kjem bjørnen i mot deg i fullt firsprang. Foto Jon Olav Ørsal

Jaktsimulator – storsatsing i klubbhuset
«Jeger og fisk» har lenge ønska seg Jaktsimulator, men har ikkje hatt nokon egna plass for å plassere den.  Da laget fekk sitt eige klubbhus på Tellebø var det sjølvsagt med ein baktanke for å realisere «prosjekt jaktsimulator».  Dette vart eit stort løft for foreninga, med ei investering på rundt 175.000 pluss litt bygningsmessige tilpassingar.

Stor interesse for jaktsimulatoren – frå venstre Arne heggem, Bjørn kvendset, Nils Asbjørn Holten, Magnar Strand, Sigurd Strand og Daniel Fiske. Attafor står Arne Gujord.   Foto Jon Olav Ørsal

No er anlegget på plass og det er kome i drift, og her er det gode moglegheiter for skytetrening i trygge omgjevnader og med låg terskel for bruk av våpen – til simulatoren kan ein enten bruke foreninga sine våpen – eller bruke sine eigne – eit suverent tilbod og ein realistisk måte å trene på. Her det kapasitet til både eige bruk og ledig kapasitet med tanke på utleige til andre.

Turid Sættem Eggen er leiar i foreninga på 6. året, og ho registrerer aukande interesse frå folk som vil bruke naturen og som vil være med og ta vare på den.  Prioriteten framover vil være å løfte friluftslivet i vid forstand og fiske som ein naturleg aktivitet.  Kort og godt med friluftsliv og sanking, seier Turid til slutt.

Publisert: 16. oktober 2024, 16:00