Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ikkje berre ein stad å handle

Jon Olav Ørsal Måndag 13. oktober 2025

Komande laurdag er det lokal handledag for dei såkalla Merkurbutikkane. Totalt er det heile 569 slike butikkar rundt omkring i Noreg, som på ein eller anna måte er under vingane til Distriktssentret. Her i Surnadal kommune er det tre slike butikkar – i tillegg til Matkroken Todalen kjem Matkroken i Bæverfjorden og Coop Marked i Bøfjorden.

Jorid og Marit klare til innrykk – Arkivbilete frå 2023

Hensikten med den lokale handledagen er ikkje berre å få mange til å handle, men det er mest for å sette fokus på kor viktig den lokale butikken er for å skape liv og trivsel i bygda.  I tillegg til at butikken er ein stad å handle, så er den og eit sosialt samlingspunkt. Du bidreg og til lokale arbeidsplassar og du slepp å køyra langt for å få tak i det du treng til dagleg.

Lokal handledag hausten 2024 – arkivfoto Jon Olav Ørsal

Vi har og sett at det er kjekt med ein lokal butikk når vi har vore isolert frå omverda – sit da vegen var stengt og straumen, telefon og breiband var borte – medan butikken var open, til og med utanom ordinær opningstid. Da kan vi snakke om beredskap som gjer bygdesamfunnet trygt og mindre sårbart.

Laurdag blir det altså lokal handledag på Matkroken Todalen.  Da vil butikken tilby mange gode tilbod og det vil bli servering i Kaffekroken – ta deg tid til å slå av ein prat med naboen eller andre samtidig som du nyter ein kopp kaffe til blant anna nystekte bakels med graut.  Den lokale handledagen setter vi fokus på lokal trivsel

mange gode grunnar for å handle lokalt – Distriktssentret Merkur

Publisert: 13. oktober 2025, 16:26