Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Iherdig trimgjeng – sykkelsesongen snart slutt

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. september 2025

Sykkeltrimmen er ein iherdig gjeng som kvar måndagskveld samlast til fysisk aktivitet – sommars tid er det sykkeltrim og vinters tid er det styrke- og kondisjonstrening på TILs treningsstudio «Hett & Svett» i den gamle BP-stasjonen.  I går kveld trefte vi gjengen da dei var ferdige med treninga, og da var det berre den sosiale biten som stod att.

Sykkeltrimmen har fast møteplass ved Drivstoffanlegget til Halsoil, og herfrå går turane etter faste ruter rundt omkring i bygda i 4 alternativ:
Rute 1: Rundt Todalen og utover til rasteplassen i Stranda – og innat til HalsOil
Rute 2: Den går til Gamlevegen fra Snøya og opp til utsiktsbenken. Deretter tilbake og rundt turstigen og tilbake til Halsoil
Rute 3: Her går turen til Nordvik (Øygarden stadion) via tunnelen. Tilbake via kammen og opp Brenna til Snøya og tilbake til Halsoil.
Rute 4: Går til Ansneset og deretter opp til Hengebrua ved og over til Heggøyan og utover Ramsøydalane og til Halsoil.

Etterpå er det sosial samlig og kaffeservering – gjerne saman med bakels og graut som er favoritten. Foto Jon Olav Ørsal

Etter «målgang» er det sjølvsagt felles kaffelag på balkongen hos Anders Nytrøn. Serveringa går på omgang hos deltakarane , og er ei triveleg og sosial samling før turen går kvar til sitt.  
No er det berre eit par gon med sykkeltrim att før det blir full innsats kvar måndagskveld i «Hett og Svett» – den gode formen må haldast vedlike, og det passar dei på denne gjengen som på folkemunne også blir kalla Todalen Bodybyggjarlag.  

 

Først publisert: 16. september 2025, 05:00 - Sist oppdatert: 15. september 2025, 19:38