Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Trimåret 2021/22» – premieutdeling på Idrettslagsbasaren i morgon

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 5. november 2022

Under Idrettslagsbasaren i Todalen ungdomshus, i morgon søndag 6. november klokka 15:00 – 18:00, vil det bli premiering for «Trimåret 2021/22», 1. oktober 2021 – 30. september 2022. Det blir delt ut premie til dei tre med flest innfjekk på turarmåla, til dei som har sjekka inn på alle turmåla, og til nokre tilfeldig uttrekte som har sjekka inn på eit av dei 27 turmåla. 

Tal for «Trimåret 2021/22», syner at dei 138 som deltok i løpet av året har hatt totalt 13 817 innsjekkingar på dei 27 turmåla. Dette gjev som eit gjennomsnitt på rundt 100 innsjekkingar per deltakar i løpet av året, noko Trimgruppa i Todalen Idrettslag er særs godt nøgd med. 

I tillegg til utdeling av premiar for «Trimåret 2021/22», er det også premieutdeling til dei som har delteke på friidrett i sommar. 

Det er mogleg å førehandskjøpe lodd på Vipps 527926, fram til klokka 24:00 i kveld. Hugs å skrive namnet på loddkjøpar når du kjøper via Vipps.

Todalen Idrettslag ønsker alle velkommen på Idrettslagsbasar i Todalen ungdomshus i morgon ettermiddag!

 

Publisert: 5. november 2022, 16:04