Laurdag 8. februar arrangeres årets «Idrettens festkveld. Arrangementet starter kl 19.00, og har fleire høgdepunkt utover kvelden. På programmet står innmarsj/presentasjon av klubbane som er under paraplyen til Surnadal idrettsråd, Johan Øiestad med sitt Eggen-show og ikkje minst får vi oppleve Torstein Snekvik frå scena i Storstua i Surnadal kulturhus. I tillegg skal det deles ut 3 priser – «Årets prestasjon», «Årets ildsjel» og «Publikums hederspris».
Årets Idrettens Festkveld blir arrangert av Surnadal Idrettsråd i samarbeid med Surnadal kommune, og det er Svein Sæter som er kveldens konferansier. Når det gjelder «publikums hederspris har du enno høve til å ta del i avstemminga som foregår på Driva sine nettsider – Driva.no. Dei fem kandidatane til prisen er: Terje Nordvik, Ingvar Sæther, Svein Dalen, Tonje Fuglås Kvendbø og Trollheimen kjøre- og ridelag. Verdige kandidatar alle saman, som berre ventar på di stemme!
Billettar kjøper du på Surnadal kulturhus, og prisen er for vaksne kr. 250,- og for born kr. 150,-. Her kan du laste ned plakaten som PDF-fil