Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
ICA Nær blir Matkroken

ICA Nær blir Matkroken

Jon Olav Ørsal Sundag 11. mars 2012

ICA Norge driv med omlegging og forenkling av kjedestrukturen på sine butikkar dette året. ICA Nær kjem bort som kjedenamn og blir erstatta av den nye kjeda Matkroken. Elles blir butikkane i kjeda kalla ICA Supermarked (store) samt RIMI og MiniRIMI (mellomstore) og altså blir Matkroken namnet på butikkar under 13 mill i omsetning. Hals-bua skiftar til Matkroken måndag 19. mars, og dei nye skilta vil kome på plass i slutten av veka.

Terje Nordvik trur dette blir ei god løysing for Hals-bua som altså blir Matkroken frå neste måndag. Han seier til Todalen.no at Matkroken gir større fridom til å satse på merkevarer og lokal mat, samt  sortiment som er betre tilpassa butikken i Todalen. Dei mest solte varene i Matkroken vil ha same prisnivå som ICA nær, medan nokre varer faktisk kan bli billigare. Men her snakkar vi om små marginar seier Nordvik.

Det viktigaste er nemleg at ein som medlem i Matkroken har betre muligheit til å tilpasse sortimentet til lokale behov og ønskjer. Da kan vi få ein betre butikk som er meir tilpassa Todalen og det legger vi stor vekt på. Ein annan fordel er også at vi kan nytte same butikkutstyr som kassautstyr, datautstyr og anna butikkinnreiing og kan bruke same grossist som vi har funne gode innkjøpsrutinar saman med. På landsbasis vil det etter kvart bli 140 Matkroken-butikkar fram til sommaren. Namnet på butikken blir da igjen L.Hals Eftf AS, med Matkroken-logen i tillegg på plakatar og flygeblad. Det blir nemleg flygeblad i posten kvar 14. dag, slik som no.

Elles fortel Terje at det ska bli storstila jubileumsfeiring til hausten. L. Hals er nemleg 100 år i år, og det skal markerast skikkeleg. L. Hals opna nemleg butikken på Todalsøra 29. oktober i 1912 og heldt til der til butikken vart flytta til Kvennsetøran i 1984. Kan også nemna at den første Matkroken-butikken kom alt på 80-talet, da Stein Erik Hagen starta nærbutikk i Holmenkollåsen som han kalla Matkroken. Den eksisterer enno i beste velgåande, og som sagt blir det no 140 skreddarsydde Matkroken-butikkar rundt omkring i landet.

Vi synes at dette blir spanande, og håpar at den nye butikkprofilen vil bli teken godt i mot av todalingane, og at bygdefolket og tilreisande hyttefolk og turistar er flinke til å støtte bygdas nærbutikk. Det kan vi nemleg gjere gjennom å handle våre daglegvarer og HalsOil drivstoff på den lokale nærbutikken.

Publisert: 11. mars 2012, 11:03