Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
23.00:Vegen er åpna, klar for ferdsel

23.00:Vegen er åpna, klar for ferdsel

Elinor Bolme Tysdag 19. juni 2012

Ved Øygarden på Nordvik var det eit trafikk-uhell litt før klokka 16 i dag. Ein Tollpost-bil lasta ved Talgø enda i grøfta etter å ha kome for langt utpå kanten etter møte med ein personbil som var på tur innover til Todalen.

Da todalen.no kom på staden hadde den polske sjåføren fått varsla bileigar, og redningsbil var rekvirert. Sjåføren kom uskadd frå det, men var forundra over at motgåande bil ikkje stoppa. Vegen er open berre ei lita stund no enda i 18. tida, då dei ventar på ein bergingsbil til for å klare å få oppatt bilen. Vi kjem tilbake med meir info rundt ei eventuell stenging/opning.

Det vart mykje jord i vegbanen etter at vogntoget for langs grøfta eit stykke før det enda i stikkrenna på øversida av vegen. Vi har fått inn en bildeserie frå bilberginga av bilen. Alle foto: Martin Redalen

Publisert: 19. juni 2012, 19:00