Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I rute til jul?

Elinor Bolme Sundag 23. november 2014

Førstkommande laurdag er det muligheiter til å komme både i julestemning, og ikkje minst få unna litt juleforberedelsar om ein tek turen til Kårvatn. Her blir det nemleg rå for julekortfotografering på stabburet, med Kristine Saksen Ulvund i Studio Saksen. Ho kjem til å rigge seg til der med slede og fotoutstyr, slik at den som ønsker får hjelp til å gjere ferdig årets julekort på 1-2-3!

Samtidig blir det julemarked i gammelbutikken på låven til Gudmund Kårvatn. Her kjem lokale utstillarar med sine produkt laga gjennom siste året. I tillegg blir det så klart åpen «hovedbutikk» i ny-låven hos Kårvatn Fjellutstyr AS. Så på Kårvatn blir det absolutt muligheiter for å få gjort unna store deler av julehandelen i god tid før jul denne dagen. Hos Kårvatn Fjellutstyr blir det også salg av kaffe og heimlaga kaker i ordinær åpningstid.

63443_753239034712969_3075897015696064540_n

 

For meir info om fotograferinga kan vi anbefale Kristine si heimeside StudioSaksen, eller Studiosaksen på Facebook

Publisert: 23. november 2014, 20:51