I rokk og fokk og is skriv Hans Rotmo i teksten, og slik er det i ferd med å bli her også no. Rart vër egentleg, for å dag tidleg var det 8 kuldegrader i 7-tida – berre ein halvtime seinare var temperaturen gått opp til 2 minus – og littlenger utpå vart det faktisk varmegrad. Utover ettermiddagen har det auka på med litt kald vind, 5 til 6 m/sek og faktis opp i 11-12 m/sek i kasta.
Vi er faktisk heldige som ikkje har mykje laus snø, men vind og snø polerer vegane no og det har vorte glatt enkelte plassar. Det lønner seg faktisk å ta det litt med ro og være litt observant når du er ute med bilen. Det er faktisk meldt vind frå søraust i hei9le 10-dagersperioden. Mest vind dei to første dagane og etter kvart berre 1-3 m/sek.