I nattens mulm og mørke har siste rest av hønhalsen gått av. Vi har dei siste dagane hatt eit auge på Hønhalsen, slik at vi skulle kunne informere så snart som muleg. I går var det forresten lågt skydekke og vanskeleg å halde fokus på tilstanden, men i dag kom den første meldinga tidleg, og da var det ingen tvil.
I fjor var det nok noko seinare, da gikk Hønhalsen først den 14. juli – som nok var uvanleg seint. No er det i allfall fritt fram for alle badelystne for å ta seg ein dukkert. Frå gammelt av var det nemleg «brukeleg» å vente med badelivet til Hønhalsen var gått av.
No kan det faktisk ligge an til eit yrande badeliv, for vermeldinga på yr.no lovar no både finvêr og høge temperaturar i 10-dagesvarselet.