Ved midnatt i kveld går Surnadal Sparebank ut av historia og blir til Sparebank1 Nordmøre. Dette som eit resultat av at Surnadal Sparebank og Sparebank1 Nordvest går saman og blir til Sparebank1 Nordmøre. Målet med samanslåinga er å skape ein ny og enda meir attraktiv og slagkraftig lokal sparebank.
– Vi har jobbet dag og natt for å etablere den nye lokalbanken. SpareBank 1 Nordmøre skal bygge videre på det bunnsolide fundamentet de to bankene har lagt gjennom 185 år, med solid forankring i en levende og verdiskapende region og med fortsatte hovedbaser i Surnadal og Kristiansund. Nå starter vi et nytt kapittel i fortellingen, seir Allan Troelsen, som er påtroppande adm. direktør for den nye og store lokalbanken.
Han legg til at han er imponert over innsatsen som medarbeidarane i dei to bankene har lagt ned, i ein periode der det har vore få høve til å møte kvarandre, anna enn digitalt. Måndag inviterer Troelsen, saman med avtroppande adm. direktør, Odd Einar Folland i SpareBank 1 Nordvest, til digitalt åpningsarrangement for å markere den historiske hendinga. Arrangementet blir leia av Frode Alnæs, der mellom anna Henning Sommerro og ordførarane i Kristiansund og Surnadal er gjester.
Den nye banken vil ha tretten kontor frå Ålesund til Trondheim. Den nye lokalbanken vil dekke ein marknad som strekker seg gjennom Møre og Romsdal opp til Trøndelag med sine tretten kontor.
Heile pressemeldinga frå banken kan du lese her: «Snart i gang»