Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I.L. Søya tildelt gjev pris

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 11. desember 2021

Idrettslaget Søya er tildelt Nordmøre og Romsdal Fotballkrets sin «Fair play»-pris for 2021 på 10.000 kroner. Søya fekk også denne prisen i 2012, så det er tydeleg at klubben gjer eit godt arbeid. «Fair play»-prisen blir delt ut til ein klubb i kvar av dei 18 fotballkretsane i Norge kvart år. Vi gratulerer Idrettslaget Søya med den gjeve prisen. 

«Fair play» er fellesnemninga for fotballen sitt verdiarbeid. Det handlar om det som skjer på og utanfor banen, og er normen som skal vere retningsgjevande på alle nivå i fotballen. «Fair play» skal såleis vere ein viktig del av fotballkvardagen til alle som, på ein eller annan måte, er med i «fotballfamilien».

– Å dele ut en Fair play-pris er en viktig anerkjennelse av klubbenes gode arbeid. Det er veldig mange flinke klubber der ute og NFF sentralt har etter nominasjon fra kretsene kåret 18 fortjente vinnere. Dette er en god tradisjon som vi ønsker å fortsette med, seir fagansvarlig «Fair play» i Norges Fotballforbund, Rasmus Olstad Semmerud.

Det at I.L. Søya får «Fair play»-prisen, og i tillegg har fått den tidlegare, viser at I.L. Søya tek «Fair play»-arbeidet på alvor og involverer heile klubben i arbeidet. 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 11. desember 2021, 12:29