Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I.L. Søya kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 23. januar 2022
Idrettslaget Søya kallar inn til årsmøte måndag 28. februar klokka 19:30 i klubbhuset på Søyabanen. Dei inviterer alle sine medlemmer til årsmøtet i idrettslaget. 
 
Frist for eventuelt å seie frå seg verv er sett til fredag 11. februar og må gjerast skriftleg på e-post til leiar i valnemnda, Martinus Grønnes, på e-post: martinusgr@hotmail.com 
 
Forslag som skal behandlast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast måndag 14. februar
 

Årsmøtet vil bli gjennomført i tråd med gjeldande smittevernreglar, så her kjem idrettslaget att med meir informasjon, når reglane som vil vere gjeldande på tidspunktet for årsmøtet, er kjent.  

I.L. Søya ønsker alle medlemmer velkomne på Årsmøte!

Innkallinga kan du også lese her: Innkalling til årsmøte 28.02.2022

 

Medlem i Todalen.no – 


 

Publisert: 23. januar 2022, 09:53