I kveld er det konsert på Todalshytta. Eric Malling fortel at Terje Nordgarden går på scena uansett vêr og føreforhold. Det er tenkt utekonsert med både spellemann og publikum under tak for eventuelt nedbør. yr.no lovar betring til kvelden, så verre enn det er no på formiddagen skal godt gjerast å tangere. Uansett vil Malling ha peisestua klar om vêret ikkje bedrar seg. For konsert blir det!
Dørene åpnar klokka 19, og konserten startar klokka 20.