Juniorlaget til Todalen/Kvass-Ulv/Søya hadde måndag kveld besøk av KFK G19 fra Kristiansund. Manager Terje Nordvik hadde store forhåpningar om å følgje opp suksessen frå Moldekampen og dermed ta 3 poeng. Og laget innfridde forhåpningane og vann 3-1. Det var ein velfortjent seier, seier manager Terje Nordvik til Todalen.no. Det var scoringar ved Jon Kjetil Gagnat, Kristoffer Nordvik og Marcus Lundquist.
Etter denne kampen tek laget treningsferie fram til 17. juli. Da tek oppkjøringa til Norway Cup til. Vi gratulerer med seieren, og ønskjer laget god ferie!