Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I kveld får vi sjå lokale opptak frå «71 grader Nord – Norges tøffeste kjendis»

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. oktober 2025

Innspellinga av «71 grader Nord – Norges tøffeste kjendis» som gjekk føre seg i månadsskiftet april/mai var innom Stangvika og Todalen – med overnatting på Todalshytta og i gapahuken på Tjønnmyran.  – Torsdag 2. oktober blir episode 10 vist, og her får vi nok sjå lokale opptak som vart gjort den gongen?

Da vi laga sak frå besøket på Todalshytta fikk vi berre så vidt helse på Tom Stiansen som er programleiar, og slett ikkje vite kva kjendisar det dreide seg om som deltakarar. 

Mange stopp på vegen inn til Todalen – her låg det oppgåver og venta på deltakarane. Arkivfoto Jon Olav Ørsal

I ettertid har vi fått info om at deltakarane i årets årets «71° Nord- Norges tøffeste kjendis» er: Ingrid Gjessing Linhave, Håvard Lilleheie, Henrik Fladseth, Daniel Kvammen, Sanna Sarromaa, Mimmi Löfwenius Veum, Susanne Jørstad Wergeland, Jørgen Karterud, Mushaga Bakenga, Mayoo Indiran, Hedvig Glestad og Jenny Huse.

Mange av deltakarane overnatta her i gapahuken som Todalen Idrettslag har ved lysløypeanlegget på Tjønnmyran. Foto Jon Olav Ørsal

Driva gjer i sin omtale (+-sak) eit stort poeng av at opptaka er gjort i Surnadal, medan det som er korrekt er at opptaka er frå Stangvik og på vegen innover til Todalen – til Todalshytta.  Rett nok er det i Surnadal kommune at opptaka vart gjort. 

Følg med på TV Norge torsdag kveld 2. oktober frå kl 20:30 – 21:30 og sjå om du kjenner deg att – enten i Stangvika eller i Todalen og på Todalshytta?

Publisert: 2. oktober 2025, 08:49