Da kjem nemleg årets konfirmantar heim til alle i Todalen, frå Svinvika til Kårvatn med innsamlingsbøssene sine. Dei deltek nemleg i den årlege, landsomfattande fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp. Saman med foreldre og medlemane i soknerådet som sjåførar vil dei altså tråle heile bygda, og da gjelder det å «gje så det svir». Ved å gje di gåve er du med på eit krafttak for dei som lid under fattigdom, urettferd eller katastrofer, fortel Signe Grønmyr og Ildri Øyen frå Todalen sokneråd. Ta vel i mot konfirmantane!
