Onsdag kveld inviterer koret Prosjekt 17 til «Haustsongfest» i Todalen Ungdomshus. Allsong, korsong, kaffe og utlodning står på programmet. Med dette vil koret vidareføre ein songtradisjon der alle kan delta etter lyst og ønske. Atmosfæren er lett og avslappa – med kaffekos som viktig programpost. Allsongarket kombinerer nytt og velkjent stoff frå song- og visebøker.
«Prosjekt 17» (P17) er fortsettelsen av tidlegare Todalskoret, Åsskard Kyrkjekor og Bøfjorden Mannskor. Mellom allsongane byr P17 på utdrag frå slager-CD’en «Melodiminne», «Seterkabaret frå Todalen» og Bøfjord-kabareten «Med segl og Wichmann».