I fjøset hos Ola Kvendset i Viastua er det kø for å kome til verda i sommar. I løpet av eit par månader er det eit 30-tals kalvar som skal sjå dagens lys, og det er alt no kome 6 som er komne oppi samlebingen. Med andre ord er det ganske konsertrert kalving denne pereioden og hektisk for Ola som skal være «jordmor» for dei fleste.
Det er no eit år sia Ola tok over gardsdrifta og har dei siste par åra renovert fjøset, med robotmjølkar og anna mordenisering for å gjera det lettvint. Fôring skjer gjennom automatiske fôringsanlegg både for kraftfor og grasbasert fôr, og kyrne går i lausdrift, sørgjer sjølv for å bli mjølka av roboten. I Viastua er det i dag rundt 45 årskyr som skal produsere 370.000 liter mjølk som er dagens mjølkekvote. Fjøsdøra står opa, slik at kyrne kan ta seg ein tur ut når dei har lyst, man passer sjølv på å gå inn for å få sin programmerte mengde med mat og for å bli mjøla i roboten.
Dei nyfødde kalvane står i eigne boksar til dei er 5 dagar gamle og er ferdige med råmjølkperioden. Etter 5 dagar får dei ein klave med elektronisk identitet, og må finne seg i å bli fôra av ein mjølkeautomat, som dei første dagane gir dem tilgang på ein døgnkvote på 5 liter mjølk. Seinar blir denne kvoten justert etter tilvekst og tilgang på anna fôr.