På tampen av sesongen er det mange plassar snart slutt på vinterføret. Ein snartur innom I.L. Søyas løypenett som har utspring frå området ved Vang skistadion fikk oss til å revurdere den oppfatninga. Her er det enno mykje skiføre, og eit imponerande løypenett står til disposisjon for den som har lyst på ein skitur – eller rett og slett ein topptur til Strengen.
I.L. Søya har lagt ned ein stor innsats med merking og vedlikehald av eit omfattande løypenett i området. For det meste er løypene lagt til eksisterande skogsvegar, men det går oppkjørte løyper heilt til topps på Strengen. Her kan du velge løyper med ønskeleg profil og vanskelighetsgrad som passar dine ambisjonar og kondisjonsnivå. Det er laga fine trasear med påkøyrt spor og det går godt an å gå til fots utan at det skaper noko form for konflikt.
Ved vang skistadion er det ei stor informasjonstavle som viser kart over heile Strengenområdet – både sommar- og vinterkart. På vinterkartet er det sjølvsagt oppkjørte løypetrasèar for skiturer, medan sommarkartet har oversikt over turstiar for sommerbruk. I same området er det og ein stor vinterbrøyta parkeringsplass til disposisjon.