På Kårvatn er førebuingane i gang til helgas randoneecup som foregår i Dalalia. Her blir det renn både laurdag og søndag, og alt ligg no til rette for eit vellukka arrangement. Forleden trefte vi rennleiar Nils Ove Bruset og Gudmund Kårvatn, da dei kom frå fjelltur og sjekking av føreforholda i Dalalia.
Det er bra forhold i Dalalia, men kanskje i minste laget med snø nedste del av lia – og det blir ei tøff og krevjande løype seier dei to som har lang erfaring med å arrangere konkurransar i randonee i Todalen. På spørsmål om det er mange påmeldte til rennet så seier rennleiar Nils Ove Bruset at påmeldingane kjem først dei siste par dagane. Men han bekreftar at veteranen Ola Hovdenak stiller til start. VM går imidlertid same helga, og det er nokre løparar som skal dit. Men Bruset seier at dei har mange fine premiar, og at eliten er på VM aukar premiesjansane for dei andre deltakarane. – Han oppfordrar også lokale løparar til å melde seg på, da det begge dagane er trim/turklasse. Og det går faktisk an å ta deltakinga som ein vanleg fjelltur, seier Bruset.
Kva er Randonee
Dersom du lurer på kva randonee er, så betyr det faktisk «å gå på fjelltur». Men dei som konkurrerer i randonee går nok i overkant av gjennomsnittet fort da, både på turen opp og på tur nedatt. Randonee er drive i mykje større omfang i Europa, men er i ferd med å gripe om seg i Noreg og.
Individuell og vertikal
Det blir lagt opp til Individuell konkurranse laurdag. – Individuell er den klassiske randonee-konkurransen, der man har fleire oppstigingar og nedkjøringar. Søndag konkurrerast det i vertikal – det er motbakkeløp, og det vil seie at det enkelt og greitt blir konkurrert om å kome først til toppen.
20 år med randonee
Kårvatn fjellustyr har 20 års erfaring med randoneeutstyr, og har importert sitt eige skimerke «Skitrab» dei siste 10 åra. – Vi har skaffe oss eit fortrinn, og er pionerar på lett og funksjonelt skiutstyr, seier Gudmund Kårvatn som er glad for at dei tok turen til Italia for å studere denne sporten for snart ein mannsalder sia. – Vi har sikra oss mykje erfaring og kunnskap om randoneeutstyr, og vinn stadig marknadsandelar. Mange kjem lange vegar for å kome hit og kjøpe seg randoneeutstyr, og det er faktisk jungeltelegrafen som er beste marknadsføringa for oss, seier Gudmund.
Fint for publikum
Det er også fint for publikum å ta turen til Dalalia. Det er no lang solgang og kjem du litt opp i lia så får du fin oversikt og kan la det imponere og inspirere til å prøve randonee-sporten.