Da vi var innom og kika på påskesalet hos Kårvatn Fjellustyr i påskeveka, trefte vi Tove Fugelsnes frå NRK der. Ho lova oss å kome med eit hint om når opptaka frå Kårvatn skulle kome på lufta, og i dag «tikka det inn» ei kort melding om at det kjem stoff derifrå både i «Friluftsmagasinet laurdag» og «Naturens verden på søndag».
«Friluftsmagasinet» kjem laudag 11. april kl 8.05 på NRK P1 og NRK P1+ – program om jakt, fiske, natur og miljøvern med Arnulf Møllerstads og gjestar.
«Naturens verden» kjem søndag 12. april kl 9.03 og dette programmet går på NRK P1 – naturprogram som tek lyttarane med på naturopplevingar landet rundt.