Ein uniformert mann frå Vegvesenet ved Todalshaugen vekte vår interesse. Var han i gang med prosjektering av ny bru over Husbekkjen med tanke på tidleg oppstart av tunnelprosjektet? Nei da, han var på synfaring av bruene i området, og hadde oppdrag på vegne av Vegvesenets avdeling for bruer og fergekaier i Region Midt. Eit hol i asfalten og en skadd påle til rekkverket hadde fanga hans interesse for meir nøye kontroll, og her er det nok naudsynt med ein reparasjon så snart som muleg.
Holet i asfalten fører nemleg til at det trengjer inn vatn, som fører til at betongen i brufundamentet blir skadd. Det må reparerast før det skjer større skade.
Vegvesenet har ettersyn av alle bruer i regionen no, slik at dei kan kartlegge behovet for reparasjoner og vedlikehald, og legge ei plan for vedlikehaldet utover våren og sommaren, seier Erik Andreas Tornes til Todalen.no.