Stangvikfestivalen er inne i sin tredje kveld med kulturelle innslag, no i Stangvika. I dag har det blandt anna vore barneforestilling i Bondehuset, med Rasmus Rohde og Stangvikfestivalens beste band. Etterpå vart det servert den tradisjonelle fiskesuppa som er eit absolutt must under festivalen.
Kl 21 startar kveldens høgdepunkt: «Svart natt i Stangvik». Her blir det blandt anna skillingsviser frå Rasmus Rohde, Trygve Brøske, Håvard Lund og Håkon Johansen, før Alpaca Ensemble og Andreas Elvenes tolkar David Bowie.
I morgon avsluttar festivalen med operalunsj og uhøgtidleg, men seriøs fotballturnering på Svissholmen.
Sjå frå fredagens Russisk aften her.
Alle foto: Lars Inge Kvande, Stangvikfestivalen