Den historiske avdelinga på Gammelfabrikken er snart på plass – Gunnar Nordvik og Magne Søyset jobbar med å få dei siste detaljane på plass til søndag 24. november, når det skal være open dag for omvisning og kaffelag. I dag kom den store kronhjorten på plass, og det var jammen berre akkurat.

Det er ikkje så dramatisk som det ser ut på bildet – heldivis er kronhjorten utstoppa. Foto Jon Olav Ørsal
Sjølv om det er store dørhol på Gammelfabrikken, så er det berre akkurat at dei er farbar for ein stor kronkjort i utstoppa tilstand. Men med litt list og lempe kom da kronhjorten inn i heisen og var løfta opp og plassert saman med resten av Trollheimsutstillinga som no er i ferd med å bli komplett.