Kvar vår på denne tida, er tusenkroners-spørsmålet når Hønhalsen kjem til å gå av. Når Hønhalsen er gått av er det nemleg «lov» til å bade i elva eller i sjøen. Da er snøsmeltinga komen så langt i fjellet, at temperaturen på vatnet er akseptabel som badetemperatur.
Først ute med melding om «nyheita» Synnøve hole Talgø, som var på tråden i 10-tida, men fleire har rapportert utover dagen. No har vi altså fått teke eit bilete, som dokumenterer saken slik at det ikkje er tvil. Datoen i år vart altså den 18. juni. Det er litt tidlegare enn i fjor, da datoen var 1. juli