Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I dag frå kl 13 er det direktesending frå Todalshytta

Jon Olav Ørsal Fredag 29. mai 2020

Roar Halten har vi vore vant til å sjå på NRK1 lokalsending frå Møre og Romsdal.  No er Roar tilsett i Kristiansund og Nordmøre Turistforening som dagleg leiar, og i dag frå kl 13.00  markeres at opninga av Todalshytta nærmar seg – og det skjer med direktesendig frå Todalshytta.  

Opningsdagen er måndag 1. juni – 2. pinsedag –  og da er det nye vertskapet på plass og kan ta i mot både overnattingsgjestar og gjestar som ønskjer traktering frå Todalshyttas kjøkken. 

Stian Evensen og Roar Halten er klare for direktesending frå Todalshytta. Foto: Jon Olav ØrsaL

I direktesending på nett-TV får du sjå mange kjente ansikt og mykje aktuelt stoff frå Todalen og frå Todalshytta – og sjølvsagt får du høve til å bli kjent med det nye verskapet – Arve og Stian Evensen – far og son.   Opptak frå Sendinga kan du sjå direkte ved å gå inn på linken her 

 

Publisert: 29. mai 2020, 12:14