I dag er det 8. februar, og det er dagen når FM-sendarane for NRKs kanalar blir skrudd av. Dermed blir det stille i Svinviktunnelen, der DAB+ enno ikkje er bygd ut. Men det er betring i sikte om ikkje lenge…
Alt i april er det plana at det skal byggjast ut sendar for DAB+ i Svinviktunnelen, slik at vi atter kan ta inn radiosignal når du kjører gjennom tunellen. Å kunne høyre radio gjennom tunnelen er ikkje berre underhaldning, det er også viktig for sikkerheita. Vegvesnet oppmodar folk til å lytte på radio når du kjører gjennom tunnelar, slik at du kan ta i mot vegmeldingar når du oppheld deg i tunnelane.