Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hytte til sals på Kårvatn – søndag er det visning!

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. mars 2015

Det er ikkje så ofte at det byr seg anledning til å kjøpe hytter eller fritidshus i Todalen. Men no er det ei hytte til sals på Kårvatn, i hyttefeltet innafor Plassen, like ved Nauståfossen. Hytta ligg på sjølveigartomt, og har veg fram til tomta.

HytteKårvatn_2

Hytta er bygd i 6″ lafteplank og er halde godt vedlike. Foto: privat

Hytta er lagt ut for sal på Finn.no, og annonsen fortel at det er sjølveigartom på nær 2 mål, og hytta har eit areal på 34 m2 og uthus på 5m2 – tilsaman 39 m2.  Hytta er bygd i 1968 og har innlagt vatn. Hytta inneheld stue/kjøkken, 2 soverom, bad/sanitærrom og vindfang, samt terrasse.

Visning:
Søndag 8. mars er det visning kl 14-15.

KartKårvatn_Hyttesalg

Slik finn du fram til hytta på Kårvatn.

Publisert: 4. mars 2015, 18:34