I dag vart Hydro Cup 2021 arrangert på Sunndalsøra. Vanlegvis er blir Hydro Cup arrangert frå fredag til søndag på våren, men på grunn av koronasituasjonen, vart cupen først utsett, og sidan redusert til ei eindagarsturnering. Kvass/Ulvungen-Søya/Todalen sitt G12-lag var eit av dei mange laga som deltok under årets cup.
Vêrgudane var ikkje på arrangørane si side, så ein kan trygt seie det vart ei våt oppleving for spelarane. Heldigvis var ikkje tremperaturen så aller verst da!
Kvass/Ulvungen-Søya/Todalen spela mot Charlottenlund 1 (frå Trondheim), Charlottenlund 3 (frå Trondheim) og Dahle (frå Kristiansund).