Nei da, det var ingen av badegjestane som klaga – verken på vêret eller på temperaturen i sjøen. Er det badedag, så er det badedag, så underteikna takka høfleg nei tilbode om å være med uti og ta ein dukkert. I dag var det tette snøbyger i Hyllnesbukta, men det såg ikkje ut til å påvirke badelysten.
Badelivet starte som nyttårsbad for nokre år sia, og no er det utvida, slik at det er ein badedag kvar månad – det skjer nemleg første helga etter fullmåne. Dermed var det ingen tvil om anna enn å finne fram badebuksa, for den 16. februar var det fullmåne.
Dersom det er fleire som vil bli med, så er det ny fullmåne den 18. mars, og da blir det altså bading helga om 4 veker (19.-20. mars).