Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Huset med det rare i…

Jon Olav Ørsal Sundag 15. mai 2016

Ja, det må være rette omtalen av bedehuset på Kvanne – eller BD-huset som den nye eigaren Anders Askelund kaller det. No har BD-huset fått alternativ bruk som kulturhus i tillegg til å være forsamlingshus. Pinseaftan opna Anders Askelund utstilling i huset, der temaet var dører. Både gamle og nyare dører og mykkje anna rart, bokstaveleg fortalt. Her var det nemlig utstillt alt mulig rart, – men det var gjort slik at det var både fint og interessant – veldig interessant. Og opninga gikk ikkje upåakta hen, for det har neppe vore så mykje folk i bedehuset nokon gong…

BDhuset_9385

Bedehuset er uforandra utvendig – no gjer det nytte som kulturhus og byr no på ei utstilling av alt mulig rart – med tema dører. Foto: Jon Olav Ørsal

Anders Askelaund stifta bekjentskap med Surnadal da han for mange år sia var turnuslege her. No er han godt etablert som fastlege i Trondheim, men har hytte i Stangvika, og kona hans, Brit Dyrnes er herfrå.  Da Kvanne Bedehus vart til sals, slo han til. Det var nok mange som spekulerte på kva han skulle bruke det til, og laurdag fikk dei svar på det. Og akkurat no og 3 søndagar framover blir det utstilling. Og utstillinga blir opa 24 timar framover beretta Anders. I morgon og 3 søndagar til mellom 13 og 16 – det blir 24 timar.

Oversikt1_9363

BD-huset var nærast fylt til trengsel på opningsdagen laurdag. Stikk innom – det er ope dei 3 neste søndagane mellom kl 13 og 16. Foto: Jon Olav Ørsal

Anders fortalte at han har rydda i kjellar, loft og mørkloft på de husa han har hatt. I tillegg har han nok kjøpt ein del og fått ein del, men på spørsmål om han er ein ekte samlar, så svarer han «Nei, men jeg er en ikke-kaster», og da skjønnar vi kva han meiner. Anders har iallfall lagt mye arbeid i ustillinga i BD-huset, og det var veldig artig og interessant å gå rundt og sjå på alt som var utstillt. Det er faktisk vanskeleg å uttrykke denne opplevinga skriftleg – det må berre oppleves «live».

Han har samla gamle dører ei stund, fortod eg. Han har den originale døra til BD-huset og til gammelskulen på Grytskog og den gamle ytterdøra i Austigard i si samling, i tillegg til mange andre. Anders fortalte vidare at har fotografert mange dører også. – Når du kjører mellom Stangvika og Trondheim kvar veke, har det vorte mange stopp for å fotografer flotte ytterdører gjennom åra. Dører eg har sett frå vegen.

Ta turen innom BD-huset, eller huset med det rare i. Det er absolutt verdt eit besøk!

Nedafor finn du nokre bildeglimt frå utstillinga i BD-huset.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 15. mai 2016, 05:00 - Sist oppdatert: 14. mai 2016, 21:27