Statens vegvesen stenger Todalsvegen på Nordvik mellom krysset til Haltbakkvegen og til krysset opp til Sollivegen i morgon 18. september og torsdag 19. september grunna asfaltering. Vegen blir stengt frå kl. 08.30 til 13.15 begge dagar.
Trafikken slepp igjennom klokka 10.30. Då blir det køyrt ei kolonne i kvar retning gjennom arbeidsområdet. Naudetatane kan passere i heile stengeperioden.