Om høyringa
I ny Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (den nye Opplæringslova) er det fleire endringar i høve til dagens lov. Mellom anna er det krav om at det skal utarbeidast lokale forskrifter. Det vil seie at kommunane må ha høyrt, vedteke og kunngjort nye forskrifter i høve til den nye Opplæringslova før 1. august. Det er kommunestyret som fastsett lokale forskrifter.
Målgruppe for høyringa er barn, føresette og tilsette i skulane. I tillegg er høyringa lagt ut til innbyggarane på Surnadal kommune si heimeside.
Einingsleiar vidaresender forslaget til elevråda, foreldras arbeidsutval (FAU), skulane sitt skulemiljø – og samarbeidsutval (SSU), tillitsvalde og verneombod ved skulane i kommunen.
Høyringsdokument
Hovudutval for tjenesteutvikling har behandla saka i sitt møte 18.mars i år, som sak 17/24
Følgande vedtak vart fatta: Følgande utkast til forskrifter blir lagt ut på offentleg høyring:
1 Forskrift om permisjon frå skulen (PDF, 127 kB)
2 Forskrift om skulefritidsordningane (SFO) for 2024 – 2027 i Surnadal kommune
3 Forskrift om skulereglar og skuledemokrati i Surnadal kommune
4 Forskrift om skule- og feriedagar 2024 – 2027 i Surnadal kommune
5 Forskrift om hovudmål på kvar skule i Surnadal kommune
Høyringsfrist
Høyringsfristen er 02.06.2024. Innspel til dei ulike forskriftene skal sendast på e-post via lenkene nedanfor:
Innspel på forskrift om permisjon frå skulen
Innspel på forskrift om skulefritidsordning
Innspel på forskrift om skulereglar og skuledemokrati