Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hovudfeltet stakk til fjells

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. august 2022

Presis kl 11 stakk hovudfeltet til fjells fra startportalen utafor butikken til Kårvatn Fjellutstyr.  Hovudfeltet er alle som løper 15 km konkurranse og alle på 27-km trasèn.  Begge er heilt nye trasèar som det er knytt stor spenning til.  Først ut var Erik Kårvatn som også skal forsvare fjorårets seier, og det er nok ingen bakdel å være lommekjent i området. 

Briefing før start – Gudmund Kårvatn orienterer om den nye trasèn som han har store forventningar til. Foto Jon Olav Ørsal

I hovudfeltet var det rundt 40 deltakar som stakk til fjells – vi skal prøve å få inn litt mellomtider etter kvart som løpet går sin gang.  Spente er vi også på kva som blir løyperekord for både kort og lang løype – det får vi nok ikkje svar på før de kjappaste er i mål.  

Heiagjeng – Ola og Martinus Kårvand var fast bestemt på å stille i familieklassen neste år. Bra det kjem litt rekruttering! Foto Jon Olav Ørsal

Ekspertpanelet – Jostein, Fredrik og Ragnar trur løyperekordane blir rundt 3 timar på 27 km-løypa og vel 1,5 time på 15 km-løypa. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 20. august 2022, 10:46