Berre ein liten kurositet kanskje, men i går – eller var det i forgårs, kunne vi konstatere at Hønhalsen hadde gått av for andre gong i år. Det har sikkert skjedd før, men vi har aldri lagt merke til det tidlegare.
Vi kan berre konstatere at det igjen er lov til å nyte badeliver, dersom det er nokon som har lyst. Vi reknar med at bygdas isbadarar nyttar sjansen til å ta eit bad når det byr seg eit slikt høve?