Det er med stor glede og ein viss andakt at vi kan melde: «Hønhalsen 2025 e åv!!» Dermed er det ikkje berre lov, men nærast påbode å ta seg eit friskt elvebad i Todalen.
For dei som ikkje har vakse opp med kikert og kaffikopp i handa medan dei speidar etter hønsehalsens skjebne, kan dette verke både merkeleg og smått makabert. Men for oss som veit at bading før halsen fell kan føre til både frostskadar og sosial fordømming, er dette ein merkedag på linje med nasjonaldagen – berre med meir gåsehud.
I år skjedde det slik: Ein heilt vanleg fredagskveld, mellom 18:16 og 20:43, der skodda, temperaturen og nedbørsmengde gav signal om alt anna enn midtsommar. Men kaffien var varm, praten låg på det vanlege nivået av spekulasjon. Eit tips kom frå ein godstol lengre opp i bygda. Kikerten, den heilage kikerten, vart løfta. Og der! Klokka 20.50, lokal tid. Halsen, som så lenge hadde klamra seg til sin plass, hadde gitt slepp. Eit lite rykk, kanskje var det eit lite vindkast – og så var den åv! Hønhalsen 2025 hadde falle.
No er det berre å finne fram badebrokja, eller i det minste late som ein vurderer det. For sjølv om vatnet enno held seg på den typen temperatur som får deg til å tvile på eksistensen av tær, så er det no offisielt: Du kan bade utan å bli arrestert av bygdas bademoralpoliti.
Så til lukke med dagen, alle medbadarar! Hugs: Det blir varmare etter kvart. Eller: du blir nummen, det er eigentleg det same.
Finnst det fleire slike rare badeskikkar i landet? Eg har undersøkt litt, og sjølv om Hønhalsen står i ei klasse for seg, finst det fleire lokale badeskikkar i Noreg:
- I Ørsta dukkar det opp ein kamel på fjellet Saudehornet i slutten av mai og som gir klarsignal til lokale badenymfer.
- I Hardanger er det mange som ventar med å bade til snøen har smelta heilt ned til fjorden, eit slags naturens termometer.
- I Nord-Noreg er det enkelte stader der folk ikkje badar før midnattssola har vore synleg i minst tre døgn – då er det visstnok trygt for både kropp og sjel.