Pinsa er ikkje «den glømte høgtida» i Stangvik – slik den påståeleg er andre stader. Søndag er det fellesgudsteneste i pakt med tradisjonen. Dei seks kyrkjesokna i Stangvik, Surnadal og Rindal set kvarandre stemne. Og enno knyter gamle band også ålvundfjordingane til si tidlegare kyrkje.
Kyrkjebåt og felleskor
Roarar kjem med kyrkjebåt som i eldre tider. Felles pinsekor gjer teneste saman med to prestar, to organistar, klokkarar, kyrkjetenar og stab elles. Vesle Vemund blir døypt, og det er nattverd i gudstenesta. Takkofferet går til eit misjonsprosjekt i Etiopia.
«Som flammende stål»
Pinsa er kalla «kyrkja sin fødselsdag» – da Den Heilage Ande kom over disippelflokken. Sjølvaste Henrik Ibsen forkynner kva dette inneber: – Velsignede morgen, da gudsrikets tunger traff jorden som flammende stål, lyder Pinsesalmen i «Peer Gynt» – samtidig som Solveig syng si tilgjeving til den svikefulle Peer og såleis markerer ei kjernesanning i all kristen tru.
Stangvik-kyrkja 125 år
Så høver det da godt å nemne at nettopp Stangvik-kyrkja fyller 125 år no i 2022 – den tredje kyrkja i den sentrale nordmørsbygda sia 1400-talet.
Det er altså mange grunnar til å la gode tradisjonar skape pinsesamling i Stangvik denne helga – som kanskje ikkje blir markert som ei like stor høgtid andre stader.