Valkampen er i full gang, og vi kan mesta dagleg lesa om politiske parti som i tur og orden har stand utafor butikkane rund om i kommunen. Denne gomgen er det Høgre som kjem til Todalen for å ha stand utafor Matkroken i Todalen. Det skjer torsdag 17. augus frå kl 16:00 og utover.
Det er listekandidatane Arve Ervik, Ove Magne Aasen som saman med ordførarkandidat Ole Joar Bruset som kjem for å gjera sine hoser grøne, eller kanskje heller blå? Ole Joar Bruset har forresten aner frå Todalen, gjennom bestefar Ingolf Bruset frå Brusetnesset.
Dei tre karane håpar at mange tek turen og besøkjer dei tre karane, slik at dei kan få med seg politiske innspel som kan takast med vidare inn i valkampen og til valet som er måndag 11. september.